mandag, august 29, 2011

Korleis gjekk det med nyttårsforsetta? Sånn eigentleg?

På tide med ein statusoppdatering med omsyn til nyttårsforsetta, tenkjer eg.
For eigen del skal eg vere den fyrste til å vedgå at forsetta eg så optimistisk flagga i slutten av fjoråret ikkje heilt er i tråd med røyndomen, førebels.

Eg skulle jo skaffe meg småbruk, hadde eg tenkt. I samband med behovet for arbeidskraft til småbruket skulle eg skaffe meg fleire born.
No har eg skaffa meg fleire born, men kor er småbruket? Nei, det....

Eg skulle byrje å snakke finare om heimesjukepleien og dei, og det meiner eg eg har greidd. Eg har lært dei fleste av tekstane til Trine Rein utanat, og her snakkar vi verkeleg samfunnsengasjerte og og djupt analyserande saker, altså.

Eit anna forsett var å bli snillare. Det er ting som tyder på det motsette.
Planen var òg å bli vakrare. Igjen, ting som tyder på det motsette.
Har eg lært noko som helst om miniplantekunstarten bonsai? Eg har ikkje lært ein einaste ting om bonsai.

Har eg lukkast i å bli teken opp i Mensa? Trur ikkje det, nei.

Luftslottbygging? Joda. Det er eg god på....

onsdag, august 17, 2011

Hundremeterskogen har òg ei skuggeside.....

.
Huset til Tussi er ikkje noko hus, for det har ikkje Tussi. Han bur på ei lita slette over elva i Hundremeterskogen.
På den sletta veks det tistlar, som er Tussi sin favorittmat.

Tussi er eit grått esel, med ein hale som sit litt laust. Heldigvis fann Brumm halen til Tussi då han fall av.
Tussi er bestandig bedrøveleg om alt. Skin sola, trur han at det snart byrjar å regne.

Likevel, er Tussi ein god ven for alle dyra i Hundremeterskogen. Sjølv om Tussi nesten aldri blir synleg glad, er livet til Tussi så trist som det høyrest ut som, og det høyrest det vel ut som.





mandag, august 15, 2011

Korleis kan vi vite at det faktisk er sommar?

Om sommaren vert dei vesle øykommunane våre oversvømt av turistar, ofte tyske (det er dei som står i båten, veit de), som innlosjerar seg i alle rorbuene som finst langsetter det som eingong var strandlinjer til bruk for ålmenta og andre, som var så heldige å ha ein og annan Silver Viking med 4.5 hk påhengs.

Das ist Guten sein, eine sehr grosse Fisch,
zu bringen zurück zu Hause in Berlin, ja!
(In das Kühlenbox, natürlich!)

Frå område der bestefar og eg brukte å leggje til med feringen
når vi skulle greie garna.


Folk frå byen har fått bygd seg hytter her, på landet hjå oss, som dei ofte nyttar ved såkalla ovale weekendar, slik at dei kan få koble av her, på landet, medan dei kikkar på oss, urbefolkninga, med stor undring og fascinasjon.

Mange har undra seg på korleis vi, som faktisk bur på landet heile året, kan kome i feriemodus, vi er jo her
heile tida, og kan vel dermed merke så godt når ferietida faktisk set inn, og det dermed er meininga at vi skal slappe av og innta Baden-Baden stolane våre, innstilt i den mest horisontale posisjonen som går an på dei Baden-Baden stolane som er i handelen no.

Eg har likevel funne ut av dette. Eg har funne ut når det er på tide å dra fram hagemøblementet og fyre opp kulegrillen, for no er det sommar!
Det er når Svein Inge og Leif Torleif og dei (alle i dei små øykommunane langs kysten heiter det) ligg midtfjords med Marnadieslane sine over lengre tid og dørjar etter makrell.

På grunn av dette er eg sjølv faktisk begynt å fatta ei viss interesse for båtlivet, og har faktisk kome så langt at eg vurderer å skaffe meg ei aldri så lita snekke sjølv.

Eg har stor tru på Marna Diesel. Dei seier "tokk-tokk". Det er eit must, etter mi meining.


Eg har dessutan vurdert å få sett i stand ein litt eldre MB 10A motor, for oppbygging.
Sidan eg ikkje kan så mykje om motorar sjølv, tenkjer eg det er best å få han fabrikkoverhala.
Tenk dykk det, ein fabrikkoverhala Marna-S (MB10A), 2 syl bensin for vridbar propell og greier.


Motoren vert plukka heilt ned og bygd saman att, med nye komponentar. Nye delar vert nytta, til dømes rammelager, veivlager, stempelfjører, topplokk, eksosstykke, forgassar, dynastartar og tenningsdelar! Nemnde eg rammelager? Ja, eg gjorde visst det.

Neste sommar vert det konkurranse på Leif Inge og dei, det kan eg love dykk! Eg skal få så mykje makrell at eg må gå på dørane og selja, tenkjer eg!



Medan eg ventar på at Marna diesel`n skal verte ferdig overhala, vert eg sitjande i Baden-Baden-posisjon.
Greitt det og.
Nett no sit eg og kikrar med kikerten utover fjorden, på tyskarane som står i båten. Der datt det visst ein uti. Hjelpe meg... Der gjekk han visst under, og! Har du sett på maken. Han kjem no visst ikkje opp att heller, den karen. Ja, ja.

lørdag, august 13, 2011

KOR VART DET AV SOLNEDGONGEN?

Udødeleg visdom frå Brumm og Nazi-Nøff:

Ole Brumm og Nasse Nøff sitter på et berg og ser utover havet. Plutselig snur Nasse seg rundt og ser inn i øynene til Brumm, og begynner å gråte. Brumm gir ham en varm klem og holder poten sin i poten hans. Da spør Nasse; “Vil du alltid være glad i meg, Brumm?” Brumm feller en liten tåre ned i havet, og sier: “Nasse, den dagen du finner den tåren igjen, skal jeg slutte å være glad i deg”

.....og sidan tusla dei inn i solnedgongen......

fredag, januar 28, 2011

OVERVELDANDE FESTIVALENGASJEMENT !

Det må ein seie, altså.
Festivalsommar. Kontoret vert nedrent av engasjerte festivalfolk med stort engasjement.
Lat oss likevel ta tyren ved horna, som det heiter: Vassendgutane er sure for at turneplanen deira for sommaren ikkje vart tatt med i innlegget i går, når Ole Ivarsfestivalen trass alt vart nemnt.
Vi seier oss leie for dette. Vassendgutane sin turneplan og plan for framtida forøvrig finn du difor her.


Vi har fått inn ein del supplerande biletmateriale frå festivalentusiastar, men det seier seg jo sjølv at ein ikkje kan publisere alle. Her er likevel nokre få festivalbilete frå fjorårssesongen:

Teltsamarbeid på Seljordfestivalen.

Glimrande parkering på ukjent festival midt i landet ein stad.

Stor stemning blant køntri-entusiastar!

Sabotasjeepisode på trebåtfestivalen i Lyngdal.

Utslegne festivaldeltakarar frå Huglo, etter endt
bluesfestival i Skånevik.

Usemje om dama til Svein Olav, førte til full krig på køntrifestivalen.

Trekkplaster frå utlandet på Reggaefestivalen i Kvinnherad.


God fredag!

torsdag, januar 27, 2011

Festivalruta endeleg blinka ut !


Røyndomskontoret sin stab har i lengre tid kjent på ei snikande kjensle av stusslegdom og einsemd i sommarperioden. Ei litt muggen kjensle av å vere "utanfor", på ein måte. Ein kan faktisk seie at somrane enkelte år har vore direkte tunge, altså. Det er ikkje kjekt å kjenne seg utanfor. Særleg ikkje dersom ein kjenner seg utanfor på den mugne måten.

Etter å ha nytta store delar av vinteren til å forske på denne årvisse stusslegdomen, har vi kome fram til ei sannsynleg årsak : Vi har jo, for svarte, ikkje vore på festival. Enno.
Alle dreg jo på ein eller anna festival om sommaren. Og etterpå er dei glade. Og har teke mange bilete. Som dei legg ut på Facebook, slik at verda forøvrig kan ta del i dei, utvilsamt, rike kulturopplevingane.

Røyndomskontoret har difor vedteke (einstemmig) at komande sommar skal i hovudsak nyttast til å reise frå festival til festival, og er så smått byrja å planlegge ei festivalrute. Det fyrste ein bør gjere for at festivalopplevinga skal bli mest mogleg vellukka, er ein grei bubil. Det er i boks.


Den fyrste festivalen i Røynda sin festivalsommar vert ein stad i Uskedalen, på "Holy Smoke-and-Banana"-festivalen. Det er ein festival som kombinerer fred og Clint Eastwood-tribute. Nett denne festivalen gler vi oss ekstra mykje til.

                                    Festival nr.2 vert utan tvil ungkarsfestivalen i Suldal. 
Vi har fått høyre frå rutinerte festivaldeltakarar at denne er eit must, i festivalsamanheng. Vi gler oss til denne og.

No skal det jo innrømmast at vi har brukt ein del tid på å legge opp ei svært omfattande festivalrute for sommaren som kjem. Ein heil del tid, faktisk.
Her er eit utval vi har blinka oss ut:


 Ole Ivars-festivalen


           


Indianarfestivalen


 


Hare Krishnafestivalen


    



Fagottfestivalen







Looserfestivalen (det blir berre oss og ein kamerat, altså).






Seljordfestivalen










Woodstockfestivalen





   





Lars Monsenfestivalen 



Vert det tid til overs etter dette, tek vi sikte på å få med oss ein siste festival. Det er denne:











Jimi Hendrix-

NEI-TIL-ATOMVÅPEN-

                                                                                       love-revolution-festival.


lørdag, januar 15, 2011

I DAG: Merksemd og spalteplass til Vegstripemålarforbundet! (Sanneleg på tide!)

I dag ser vi oss nøydde til å rette fokus mot ei sjeldan og lita minoritetsgruppe i befolkninga. Vi snakkar sjølvsagt om ei svært viktig folkegruppe, som stort sett unnlet å krevje sin rett i det tabloide samfunnet.
Dei har dermed utvikla seg til å verte ei nærast usynleg gruppe i yrkessamanheng.
Røyndomskontoret meiner dette er reint for gale.

Ein siktar altså til vegstripemålarpersonalet.


Ein veit, av naturlege årsaker, svært lite om vegstripemålingsbransjen, difor er det vanskeleg å lyfte fram denne gruppa på rettferdig vis. Det ein veit, er at dei er uteksaminerte frå Noregs Vegstripemålarfagskule, men ein veit til dømes ikkje kvar denne utdanningsinstitusjonen er lokalisert.

Det ein derimot har klår visshet om, er at dette er ei yrkesgruppe med stor yrkesstolthet.

Vegstripemålar inspiserer kvaliteten på si ferskaste stripe.

Utan vegstripemålarfagpersonane, hadde det herska fullstendig anarki på vegane, det er alle samde om.
Ingen hadde visst korleis dei skulle bere seg åt på vegbanen.


Klassisk døme på hending i område med dårleg vegstripemerking.

Klassisk døme på framifrå vegstripemålararbeid.

I mindre område held det ofte med ein manuell vegstripemålar. Dette er krevjande arbeid, som krev godt augnemål og god balanse.

Manuell vegstripemåling, svært krevjande presisjonsarbeid.

Vegstripemålarbransjen er såpass travel at det er vanskeleg å få avvikle feriane på vanleg måte. Det endar svært ofte med at vegstripemålarane lyt ta ferie ein og ein, på ukurante tider og ofte utan familien, sidan øvrig familie stort sett avvikla ferien i normal ferietid.

Vegstripemålar frå Noreg observert på ferie i Bulgaria.

Vegstripemålarbransjen er ei eksklusiv faggruppe, som fortener respekt. Ein vonar på meir rekruttering og tydeleggjering. (Røynda opplyser om at det er nytta termoplast på alle bileta.)